Mykje godt i heimlaga mat

Glutenfritt brytebrød med chiafrø. 

Velkommen til sida mi der eg vil legge fram tankar rundt matlaging. Har bestandig hatt interesse for å lage mat. Det kan vere middagar, plukkmat, bakst og pålegg. Til meir eg har laga til meir har interessa mi auka. Så har eg også sett etterkvert at ein kan spare ganske mykje pengar. Ein anna ting er at mi som kundar kan ta tilbake mykje av markede i staden for at fortenesta blir fordelt på 3 store eigarar/kjedar. Sjølvsagt tar det litt meir tid å lage mat sjølv enn å gå på butikken å handle. Men ein ting er sikkert, lagar ein maten sjølv så veit ein kva ein får i seg.  

Kvifor ikkje lage mat heime?

Tenk å lage pålegg, saft, syltetøy, middagsrettar sjølv frå botnen og samtidig vite kva som er i maten. Kanskje er det også billigare? Kva kan mi ikkje lære barna?  Noken vil nok lure på om det er noke å spare, eller om ein kan gjere oppskriftene allergivennlege? Har sjølv allergi, har fått til mange alternative oppskrifter.  Eg vil prøve å ta deg med på reise gjennom desse spørsmåla.